Gandhi, Mohandas Karamchand

Disse utdragene fra Mohandas Karamchand Gandhis skrifter er hentet fra Gandhi, Mahatma (1999) Vi er alle søsken, Bokklubben dagens bøker

Mannen og gjerninga hans er to ulike ting. Ei god gjerning burde takast imot med fagning og ei illgjerning med misnøye, men gjeringsmannen, vond eller god, fortenar alltid anten vørdnad eller medynk, alt etter tilfellet det gjeld. «Du skal hate synda og ikkje syndaren» – den regelen er lett nok å forstå, men blir sjeldan følgd, og det er grunnen til at giftig hat spreier seg over verda.

Denne ahimsa er grunnlaget for sanningssøking. Eg har kvar dag klart for meg at søkinga er fåfengd dersom ho ikkje byggjer på ahimsa. Det kan være heilt rett å setje seg imot og å gjera åtak på eit system, men å gå imot opphavsmannen til systemet er det samme som å gå imot seg sjølv. For vi er alle måla med den samme penselen, vi er barn av ei og samme Skapar, og har dermed evige, guddommelege krefter i oss. Å vanære eit einaste menneske er å vanære desse guddomelege kreftene, og med det skadar vi ikkje berre det eine mennesket, men samstundes heile verda. (Gandhi, 1999:38/9)

Ahimsa: Ikkjevald, positivt kjærleiksgjerningar (Gandhi, 1999:243)

Alt den første månaden eg arbeidde med Indian opinion gjekk det opp for meg at ein journalist burde sjå det som sit einaste mål å vera tenar. Pressa er ei stor makt, men ein styrlaus penn gjer berre skade, liksom ein utøymd vassflsaum strøymer inn over heile landsbygder og øydelegg avlingane. Kontroll utanifrå viser seg å vere meir skadeleg enn ingen kontroll. Skal kontrollen vere gagnleg, må pressefolka sjølve setje han i verk. Dersom denne tankegangen er rett, kor mange av avisene i verda kan kallast nyttige? Men kven ville stogge dei unyttige? Og Kven skulle vere dommar? Nyttig og unyttig må – som godt og vondt i det heile – finnast jamsides, og mennesket må velje. (Gandhi, 1999:40)

Ikkjevald verkar på ein svært gåtefull måte. En manns gjerningar lèt seg ofte ikkje forklare i høve til uttrykket ikkjevald, og like ofte kan gjerningane hans sjå ut som vald når han held seg heilt til den høgaste form for ikkjevald, og det seinare synar seg at han så gjorde. (Gandhi, 1999:53)

Eg trur ikkje på folk som fortel andre om trua si, aller minst når det gjeld omvending. Trùa let seg ikkje fortelje. Ho må levast, og da kjem ho til å spreie seg sjølv. (Gandhi, 1999:85)

Guddommeleg kunnskap låner ein ikkje frå bøker. Den må ein finne i seg sjølv. Bøker er i beste fall ei hjelp, ofte jamvel ei hindring. (Gandhi, 1999:85)

Eg er ein audmjuk, men svært alvorleg sanningsleitar. Og i leitinga mi fortrur eg meg heilt ope til alle med-leitarar, slik at eg får greie på mine mistak og kan rette dei. Eg tilstår at eg ofte har fare vill når detgjaldt å verdsetje og dømme. Og ettersom eg kvar gong gjekk vegen om att, vart ingen varig skade gjord. Tvert i mot, den grunnlegjande sanninga i ikkjevald vart uendeleg mykje meir tydeleg enn nokon gong før, og landet har på ingen måte fått noko varig mein. (Gandhi, 1999:104)

Eit mistak blir ikkje rett fordi om mange fleir gjer det, og sanninga blir ikkje et mistak fordi om ingen ser ho. (Gandhi, 1999:106)

Eg mistrur ikkje dyrking av gudebilete. Eit gudebilete gir ikkje meg noka kjensle av høgvørdnad. Men eg trur biletdyrking høyrer menneskenaturen til. Vi trår etter symbolikk. (Gandhi, 1999:106)

Eg er komen til at ord, liksom menneske, utviklar seg fra steg til steg når detgjeld innhaldet i dei. Til dømes er innhaldet i det rikaste av alle ord – Gud – ikkje det same for kvar og ein av oss. Det skifter etter den røynsla kvar har. (Gandhi, 1999:107)

Eg er og blir optimist, ikkje fordi eg kan gi noko prov for at retten vil ha framgang, men fordi eg har ei ukueleg tru på at retten må få framgang til sist. Vår inspirasjon kan berre kome av trua på at retten i siste omgang må vinne. (Gandhi, 1999:108)

Det er grenser for kva et menneske kan greie, og i den stunda einkvan rosar seg av at han kan ta på seg alle oppgåver, kjem Gud og audmykjer ovmodet hans. Sjøl er eg audmjuk nok til å sjå etter hjelp jamvel hos småbarn. (Gandhi, 1999:108)

Dei seier at «middel er no berre middel». Eg ville seie at «midla er no likevel alt». Som midla, så målet. Det er ikkje nokon skiljevegg mellom middel og mål. Skaparen har gitt oss noko herredøme over midla (svært avgrensa det òg), men ikkje over målet. Det målet vi når, blir nøye i samsvar med midla. Dette er ein regel utan unntak. (Gandhi, 1999:113)

Du gjer eit stort mistak når du trur at det ikkje er nokon samanheng mellom midla og målet. Dette mistaket har fått menneske som var haldne for å være religiøse, til å gjere sørgjelege brotsverk. Tankegangen din er som å seie at vi kan få ei rose når vi plantar eit skadeleg ugras. Dersom eg ønskjer å fare over havet, må eg reise i båt; dersom eg ville bruke ei vogn, låg snart både vogna og eg på botnen. «Som guden er, slik er dyrkaren» – dette er ei grunnsetning som er verd å tenkje på. Meininga i ho har vorte forvrengd, og menneske har fare vill. Midlet kan samanliknast med eit frø, og målet med eit tre; og det er nett den same ubrytelege samanheng mellom midlet og målet som det er mellom frøet og treet. Det er ikkje rimeleg at eg når det resultat som kjem av å dyrke gud, dersom eg leggmeg framfor Satan. Det måtte derfor kallast vitlaus dårskaå om einkvan sa: «Eg vil dyrke Gud; det er det same om eg gjer det med Satans hjelp». Vi haustar nett slik vi sår. (Gandhi, 1999:114)

 

Sosialismen er rein som krystall. Derfor trengst det krystallreine middel til å nå han. Ureine middel fører til ureint mål. Såleis kan ein ikkje gjere fyrsten og bonden like ved å hogge hovudet av fyrsten, og heller ikkje kan ein gjere arbeidsgivaren og arbeidsmannen jamstelte på ein slik måte. Ein kan ikkje nå sanninga med usanning. Berre med sannferdig framferd kan ein nå samminga- Er ikkje sanning og ikkjevald tvillingar? Svaret er eit klart «nei». Ikkjevald er innvakse i sanninga, og omvendt. Derfor er det sat at dei er sider av samme mynt. Dei er uskiljelege. Sjå på den eine eller den andre sida av mynten – bosktaveringa er ulik, men verdien er den same. Denne lykka kan ein ikkje nå utan fullkomen reinleik. Huser du ureinskap i sinnet eller kroppen, da har du usanning og vald i deg.

Derfor må sosialistene vere sannferdige, tru på ikkjevald og ha et reint hjarte, om dei skal kunne grunnlegje eit sosialistisk samfunn i India og i verda. (Gandhi, 1999:115/16)

 

Det er ikkje ikkjevald om vi berre elskar dei som elskar oss. Det er ikkjevald når vi elskar dei som hatar oss. Eg veit kor vanskeleg det er å følgje denne store kjærleikslova. Men er ikkje alt stort og godt vanskeleg å gjere? Å elske den som hatar ein er det vanskelegaste av alt. Men med Guds nåde blir jamvel dette vanskelegaste lett å greie dersom vi ønskjer å gjere det. (Gandhi, 1999:120)

 

I si positive form tyder ahimsa den største kjærleik, den største miskunn. Dersom eg følgjer ahimsa, eg elske mon fiende. Eg må fare like eins åt mot ein ugjerningsmann som er min fiende eller ein framand for meg, som eg ville gjere mot min eigen far eller son om dei var uskyldige i ugjerninga. Til denne aktive ahimsa høyrer nødvendigvis det å vere sannferdig og uredd. Eit menneske kan ikke narre den han elskar, og han ottast ikkje og skremmer ikkje den kjære. Livet er den største gåve ein kan gi; eit menneske som verkeleg girdet, avvæpnar alle fiendar. Han har rydda veg for eit hederleg forlik. Og ingen som sjølv lèt seg skremme, kan gi den gåva.

Han må derfor vere uredd. Ein kan ikkje praktisere ahisma og samstundes vere kujon. Å praktisere ahimsa krev det største mot. (Gandhi, 1999:129)

Ahimsa: Ikkjevald, positivt kjærleiksgjerningar (Gandhi, 1999:243)

 

Spørsmålet er vanskeleg. Det kan vere ulike meiningar om det, og derfor har eg lagt fram grunnane mine så klart som mogleg for dei som trur på ahimsa og strever alvorleg etter å prakisere det på alle livsområde. Ein Sannings-dyrkar kan ikkje rette seg det som er skikk og bruk. Han må alltid vere budd på å forbetre seg, og kvar gong han oppdagar at han tek i miss, må han tilstå, same kva det kostar, og sone for det. (Gandhi, 1999:131)

 

Fra vald mot ein framand styrar er ikkje steget langt til vald mot dei av våre eigne folk som vi synest legg seg i vegen for landsens framgang. Vi treng ikkje her drøfte resultatet av valdsferd i andre land, eller vise til ikkjevalds-filosofien; det skal ikkje mykje forstand til til å skjøne at dersom vi grip til vald for å kvitte samfunnet med misferd som meinker framgangem, da aukar vi vanskane våre og utset fridomsdagen. Folk som ikkje er budde på reform, fordi dei ikkje er overtydde om at det trengst, vil bli vitlaust rasande fordi dei kjem under tvang, og dei vil søkje hjelp utanlands for å ta hemn. Har ikkje dette hendt framfor auga våre no i alle desse åra som vi framleis minnest med sorg? (Gandhi, 1999:132/33)

Bloggposter med referanser til Gandhis tanker

27/12 -2011 Kanskje like så dumt?

28/12 – 2011 Målet helliger midlet

 

 

Karavanseraiet.no er nå i sitt tredje år i cyberspace. Tre år med Kamelrytterskens refleksjoner, og noen ganger skjeve blikk og sleivete omgang med tastaturet. Tittelen antyder at man kan finne mye rart her inne, i dette herberget for tanker fra mange sider av livet. Slik som Karavanseraiene var den gang de var hvilested for handelskaravaner og andre veifarende langs karavanerutene i Afrika og Sentraslsia. Mange gikk ut fra Istanbul, sørover og østover, andre gikk nordover og vestover i Europa, enten landeveien, eller med skip over Middelhavet. Uansett hvor varene skulle hen, det fulgte tanker og ny kunnskap med karavanene. Kunnskap som ble utvekslet i Karavanseraiene, for så å finne nye veier mellom mennesker. Dette Karavanseraiet er også slik, her utveksles kunnskap og erfaringer mellom mennesker, forhåpentligvis til glede og nytte for alle parter. Det er lagt inn lenker i teksten for å gjøre det enklere å se helheten i bloggen og i historiene som fortelles. Og forhåpentligvis gir de også inspirasjon til videre lesing :-)

Hvis du vil kan du gå til forsiden hvor du kan lese helt andre historier om motorsykkelkjøring, samfunn, helse og personlig utvikling. Eller du kan bruke søkefeltet for å søke opp eldre bloggposter om emner som interesserer deg.

Tusen takk for at du ser innom, håper du kommer tilbake, gjerne med en kommentar til det du leser, sett fra din del av verden :-)

Ha en fortsatt fin dag :-)

Kameryttersken